Cecilie Andreassen
Cecilie Andreassen
17. juni 2022 - tar 2 min å lese

Julekonsertane våre hadde høgare kvalitet grunna ChoirMate

Refleksjonar frå ein korist

Me starta å bruke ChoirMate for eitt år sidan. Fram til då hadde me hatt fullskala bruk av papirkopier, lydfiler på Dropbox, og Facebookgrupper og -chattetråder i fleng. Det høyrest klisjé ut, men det er som at ein knapt hugsar korleis det var før ChoirMate blei ein del av korkvardagen. Overordna sett har koret vårt blitt betre av å ha denne samlingsplattformen. Eg opplevde vår førre julekonsert som den beste me har gjennomført, og eg trur mykje er takka vere den ryddige måten alt no er organisert på gjennom denne appen, og at alt av materiale er lettare tilgjengeleg.

Lydfilfunksjonen er ei gullgruve

Lydfiler og noter i ChoirMate
Lydavspilling i ChoirMate

Alle songene koret skal øve på, er organisert etter konsert eller semester. Under kvar song, finnest igjen moglegheita til å legge inn lydfiler, noter og merknadar. Lydfilene kan bli lagt inn av administrator, men her har òg me som kormedlemmer høve til å legge inn opptak. Lydfilfunksjonen er ei gullgruve. Opptak kan gjerast direkte i appen, og ein deler dei innad i den aktuelle stemmegruppa. Dermed er den skarve andrealten som ikkje fekk til å kome då me skulle øve inn akkurat den vanskelege kvinten under sopranane, stort sett redda. Det å tusle rundt i Oslos gater med ein av Pentatonix sine evinnelege da-da-dam på øyrene ei mørk og regntung veke i november, gjer mykje for mandagens korøving.

Flyten av kommunikasjon og informasjon har òg fungert betre innad i koret når me har brukt ChoirMate. Det er lettare for leiargruppa og dirigenten å gi oss beskjedar, og ein har samla dokument med viktige datoar og informasjon. Det gjer det nok lettare for dei som leiar, og det gjer det lettare for oss som kormedlemmer å finne fram til informasjon. Berre det å ha alt samla på ein plass, er veldig deilig, og ein slepp dei fire forskjellige Facebook-gruppene og Dropbox-mappene.

Det er hyggeleg å sjå namn og bilete på alle kormedlemmene

Det er òg eit par ganske gøye greier med ChoirMate. Viss du ristar på telefonen, dukkar det plutseleg opp pianotangentar. Og alle kormedlemmer får morsomme kallenamn med referansar til ulike artiastar når ein registrerer seg. Det er dessutan hyggeleg å sjå namn og bilete på alle kormedlemmene - for dei av oss som er elendige å hugse namn, er det veldig praktisk å ha tilgang til namnelister.

Medlemsliste i ChoirMate

Alt i alt opplever eg at koret vårt har blitt litt betre etter me starta å bruke ChoirMate. Tilgang til lydfiler, noter og informasjon, gjer at alt flyt betre. Mindre friksjon i korkvardagen, og meir plass til det musikalske!

Les andres erfaringer med ChoirMate